Rekrutteringssamling på Lode Ridesenter


Marthe Tjøtta Ree på ponnien Storhaugs Magic Brynmor.

1-2 februar var det igjen ei flott helg med rekrutteringssamling på Lode Ridesenter i regi av Sportsutvalget i dressur i Norges Rytterforbund. 


Beatrice Hatleskog på ponnien Lucky Star, Victoria Hatleskog på hesten Donnatello, Ellen Birgitte.

Instruktør Ellen Birgitte Farbrot stod på lange dagar, og gav mykje god inspirasjon og gode verktøy til å jobbe vidare med. Samlinga var open for ponni-/ children-/ junior-/ ungrytter, U25- og Senior-rytter og Unghest.


Margit Skårland på ponnien Patricia, Ellen Birgitte.

Det var teori og sosialt samvær lørdag kveld. På tribunen var det god drøs blant foreldre, besteforeldre og unge ryttere som blei inspirerte.


Marthe Tjøtta Ree, ponnien Storhaugs Magic Brynmor, Ellen Birgitte oppå ponnien.

Trener i Nærbø Rideklubb, Siri Lode, seie det har vore ei lærerik helg for alle alderskategoriane.


Charlotte Mathiane Engedal på hesten Sirocco, Kine Lode på hesten Vemmetofte Rochelle.

Tilbakemeldingar frå ryttarane er veldig positive, og dei gler seg allereie til neste samling.

Tekst og foto: Mona Tjøtta Steinnes