Klubbmesterskap på Hallingen Hestesportsklubb på Skaga Ridesenter

Totalt 121 ekvipasjer stilte til start på klubbmesterskap Hallingen Hestesportsklubb i helga, i eit nydeleg haustvær. 

Irene Storeskar og Frost

På det årlege klubbmesterskapet blir det kåra klubbmester i dei offisielle klassene.  Det blir også utdelt vandrepokal i dressur og sprang i klassene med flest startande ekvipasjer, dette året i klassene Hest LC U 17 og 50 cm sprang.

På lørdag stilte til saman 43 til start i ulike klasser i dressur.  Her rir alle i same klasse gjennom same programmet.  Det blir sett ein karakter frå 1 til10 for kvar øving. Resultatet blir oppgjeve i prosent, og er eit samandrag av stilkarakterar for alle øvingane.

Loicia Bloin Wibe og Isildur fra Norheim

I dei uoffisielle klassane RLD1 og LC1 stilte totalt 4 ekvipasjer, som alle gjennomførte flotte rundar på banen.

I klassen Hest LC U 17 var det 17 startande og dermed 5 plasserte.  Tiril Jegleim og Jusyo fekk 1. plass og vart klubbmester i denne klassen med 61,92%.  Tiril fekk dermed også vandrepokalen i dressur dette året.  Same ponnien, Jusyo, tok også 2. plassen saman med Ane Linea Bleiktvedt med 60,00%.  3. plass gjekk til Ronja O. Gjeldokk og Times Chantel med 58,85, 4. plass til Hannah Jegleim og Tirilill fra Voksa med 58,46%.  Same ponnien, Tirlill fra Voksa, fekk også delt 5. plass med Tiril Jegleim (57,69%).  5. plass vart det då også på Sigrid L. Holm og Quick Hatrick med 57,69%.

Rannveig Brattegard og Granvins Erla

I klassen LC Hest var det også 17 startande og 5 plasserte.  Her vart Ingebjørg H. Ådnegard og Kajas Radar klubbmester med 1. plass og 65,00%.  Jannicke Sunnset og Hauk tok 2. plass (62,31%), Marie Thorson Østby Natten og Stjernefrikk 3. plass (61,92%).  Rannveig Brattegard og Granvins Erla tok 4. plass med 60,77%, og Sigrid L. Holm og Quick Hatrick 5. plass med 60,39%.

Rosa sløyfe aksjon på stevnet

Bergljot Bjella med Brown Magic Wind vart klubbmester i klassen LB Hest, med 66,00%.  Her var det 5 startande og dermed 2 plasserte.  Liv Marit Lien og Birger tok 2. plass med 60,80%.

I klassen LA Hest var det 4 startande.  Ragnhild D. Lybekk og Larola tok 1. plass med 67,42%.

Søndag var det klubbmesterskap i sprang med totalt 78 startande ekvipasjer.

Tiril Jegleim og Jusyo

Takk til alle flinke ryttarar og hestar i alle klasser!  Og tusen takk til alle engasjerte og dyktige dugnadsfolk som gjer ein fantastisk jobb – slik at vi kan arrangere stevne i Hallingdal!

Sissel Skrindo

Hallingen Hestesportsklubb