Kretsmesterskap i dressur på Kolnes

For ei helg, for ein klubb! Nærbø rideklubb stilte med 10 ekvipasjer i kretsmesterskapet.
KM PONNI (LB)
I individuelt km LB ponni var 3 av 7 startande frå Nærbø Rideklubb. I første avdeling gjorde Nærbø reint bord med Marthe Tjøtta Ree og Dorn på første, Maria Reinholdtsen Wiig og Rico V på andre, og Margit Skårland og Patricia på tredje.
I andre avdeling fekk Maria Reinholdtsen Wiig første, Marthe Tjøtta Ree fjerde og Margit Skårland femte.
Samanlagt for Nærbø i LB ponni enda det opp med at Maria vart kretsmester, Marthe kom på 2.plass og Margit på 4.plass.
KM JUNIOR/YOUNG RIDER (LA)
I denne klassen fekk Nærbø nok ein kretsmester. Ingvild Malene Abrahamsen og Wotan rei til 2.plass i første avdeling, og 1.plass i andre avdeling, som til saman vart til ein første plass.
Kine Oftedal Lode og Enjoy rei i første avdeling til 10.plass, i andre avdeling til 8.plass, og til saman endte ho opp på ein 8.plass.
KM dressur (MB)
I denne klassen var det 3 ekvipasjer frå Nærbø.
Eline Oftedal Lode og Zirio rei i 1.avd til 2.plass, og andre avd. til 4.plass. Samanlagt blei det 3.plass. Ingeborg Edland og Gaia rei første avd til 5. plass, og andre avd til 6. plass, som samanlagt blei 5. plass.
Lise Ueland og Ra Prinsen rei første og andre avd til 8. plass, og enda samanlagt på 8. plass
KM LAG
Nærbø stilte med 3 lag. Etter ein lang dag, der ein ekvipasje måtte innom ambulanse og sjukehus, kunne Nærbø Rideklubb avslutte dagen med bronse til “Nærbø 2” laget Ekvipasjane på det laget var Aurora Reime med Lucky Star,  Ingeborg Edland med Gaia og Kine Oftedal Lode med Enjoy.
“Nærbø 1” kom på 5. plass (Eline, Ingvild og Marthe)
“Nærbø 3” kom på 7. plass. (Lise, Oda, Margit og Maria)
Totalt var det 12 lag.
✨Gratulera så mykje til Sandnes og Jæren Rideklubb som gjekk av med lagseieren 
Hilleborg og A’Perfection måtte dessverre trekke seg før stevnet pga skade. Krysser fingrane for at det blir kortvarig.

Må også få med at det er den dyktige dressur treneren Siri Lode som år etter år får frem disse flotte og flinke rytterene (med litt hjelp fra foreldre). Dette er god rekruttering i klubben.
Alderen på rytterne som deltok:
Marthe Tjøtta Ree 11år
Margit Skårland 12 år
Maria Reinholdtsen Wiig 12 år
Ingvild Malene Abrahamsen 12 år
Oda Elise Abrahamsen 15 år
Aurora Reime 15 år
Kine Oftedal Lode 16 år
Ingeborg Edland 19 år
Eline Oftedal Lode 23 år
Lise Ueland 25 år
Med vennlig hilsen Mona Tjøtta Steinnes