KM i Sogn og Fjordane

Førde Køyre- og Rideklubb arrangerte i helga dressurstemne med innlagt KM og cup avslutning for Sogn og Fjordane Ryttarkrins. 

Det var totalt 26 startande ekvipasjar fordelt på klassar frå LC til MB, og vi fekk sjå mykje god riding. Vestlandet viste seg frå si beste side med solskinn og flotte temperaturar denne helga, og bidrog til eit stemne med svært god stemning. Det er alltid mykje blide fjes å sjå på stemna rundt om i fylket vårt, noko som gjer det ekstra kjekt å både delta og arrangere stemner!

KM vinnere junior/ung rytter

Vi fekk kåra kretsmester i Junior/Ung rytter der Dorthea Solheim/Haukfell tok gull, Silje Indrebø/ Råds Gråa tok sølv og Benedicte Tonning Seim/ Stings Ferrari tok bronse.

I KM Senior tok Tiril Sofie Berge Bjørnseth/Jestis Antario Hit gull, Marte Berg Jevnaker/ Gullkar Vital sølv og Trine E. L Paulsen/ Fannemels Argon bronse.

KM vinnere for senior

Og i KM lag var det arrangørklubben (Førde Køyre- og Rideklubb) sitt førstelag bestående av Silje Indrebø/Råds Gråa, Andrea Brekke/ Vamråks Kiera og Trine E. L. Paulsen/ Fannemels Argon som tok gullmedaljen medan Eid Ride- og Køyreklubb sitt førstelag beståande av Annifird Ueland/ Dragelimann, Hildegunn S. Remme/ Emira SFO og Benedicte Tonning Seim/ Stings Ferrari tok sølv og Tefre Ryttarklubb beståande av Lucinda Bjørnset Reksten/ Lyheims Lindy, Karoline Thingnes/ Dragar og Ann Loraine T. Engebø/ Nørregaard’s Prexton tok bronse.

KM vinnere for Lag, Førde Køyre og Rideklubb