Til saman 90 ekvipasjer til start på Gjeldokk Hestesenter i helga

Hallingen hestesportsklubb avvikla utvida klubbstevne i dressur og sprang på Gjeldokk Hestesenter i helga.  Totalt 90 ekvipasjer starta i ulike klasser i sprang og dressur desse dagane.

I dressur stilte totalt 44 ekvipasjer til start.  Her rir alle i samme klasse gjennom same programmet.  Det blir sett ein karakter frå 1-10 for kvar øving.   Resultatet blir oppgjeve i prosent, og er eit samandrag av stilkarakterar for alle øvingane.

Ronja O. Gjeldokk og Frosty vant LC U17.

 

I klassen RLD1 stilte 6 ekvipasjer til start.  Alle gjennomførte flotte rundar og fekk deltakarsløyfe.  I klassen LC U17  stilte 13 ekvipasjer til start.  Det vart 4 plasserte.  Ronja O Gjeldokk og Frosty fekk 1. plass med 67,82%, og Tiril Jegleim og Jusyo tok 2. plass med 64,78%.  Mia Olsen og Bonniconlon Lass Twilight tok 3. plass med 62,17%, og Hannah Jegleim og Jusyo 4. plass med 60,87%.

I klassen LC stilte 8 ekvipasjer.  Det vart 2 plasserte; Liv Marit Lien og Birger tok 1. plass med 64,78%, Torun Thorson Kolstad og Langedrags Loke og Ronja O. Gjeldokk med Times Chantel fekk delt 2. plass, begge ekvipasjene med 63,91%.

Andrine Bøygaard og Rødlands Baronen. Ekvipasjen vant LB.

 

I klassen LB U17 stilte 2 ekvipasjer.  Her fekk Bergljot Bjella og Brown Magic Wind høgast prosent (65,92%).  I LB stilte 9 ekvipasjer.  Her vart det 3 plasserte.  Andrine Bøygaard og Rødlands Baronen tok 1. plass med 70,37%.  Bergljot Bjella og Brown Magic Wind tok 2. plass med 66,29% og Marie Thorson Østby Natten med Nattens Sølvi 3. plass med 65,18%.

Mari Lisa Grue Rygg og Blacky.

 

6 ekvipasjer stilte i klassen LA.  Det vart 2 plasserte; Ragnhild Danielsen Lybekk og Larola tok 1. plass med 69,65%, og Anne Marit Hefte Gudbrandsgard og Times Chantel 2. plass med 66,89%.