Internasjonal erfaring for hestefagelevar

En fornøyd og meget dyktig gruppe elever fra Mo og Jølster Videregående jobbet i tre hele dager under dressuren på årets AEG.

AEG 2012 Elevar ved Hest og Hovslagar-linja ved Mo var i vinterferien inviterte til å jobbe under Noreg sitt største internasjonale hestearrangement, Arctic Equestrian Games i Stokke. Elevane hadde fire intense dagar der ein fekk sjå ryttarar av internasjonal stjerneklasse på nært hald.

God innsats fører til gode invitasjonar

Elevane, som går andre året på Mo og Jølster vgs har hatt eit spennande skuleår, fylt med erfaringar frå nasjonale og internasjonale konkurransar innanfor ridesporten. Gjennom hardt dugnadsarbeid under konkurransar, har dei fått god innsikt i stemneplanlegging, ridesporten og heste-Noreg. Erfaringane byrja allereie i haust då dei fekk vere med å jobbe på Norgesmeisterskap i dressur for lag, og Oslo Horse Show, som er heste- Noreg sitt svar på nyttårsrennet i Garmisch-Partenkirchen. Deira gode innsats blei lagt merke til og dei blei difor spesielt inviterte til å jobbe under AEG (Arctic Equestrian Games), som er Noreg sitt største hestearrangement der spesielt ridegreinene dressur og sprang står i hovudfokus.

Elevene jobbet for en god sak på den rosa standen.

Rosa sløyfe-aksjonen

Elizabeth Farbrot er ein av kontaktpersonane innafor dressur som engasjerer seg sterkt i hest, men òg i brystkreftsaken. Elevane har difor fått vore med og jobba for «Rosa sløyfe-aksjonen» og samla inn pengar til forsking på brystkreft. Dette er eit viktig og samfunnsengasjerande arbeid som elevane sette pris på å vere med på.

Internasjonalt nivå 

Elevane fekk verdfull, internasjonal stemneerfaring. Spesielt spennande var føredrag med ryttarar som forklarte deira veg til internasjonal toppsport. Ved å vise riding på eigne hestar og undervise andre ryttarar, fekk ein forklart mange av dei utfordringane som kjem med kommunikasjonen mellom hest og menneske. Samtidig fekk elevane ei god innføring i det å vere idrettsstjerne på internasjonalt nivå. Adelinde Cornelissen frå Nederland og Andreas Helgestrand frå Danmark er to av dei mest kjende internasjonale dressurryttarane og Jur Vrieling er internasjonal sprangryttar, som har gode resultat å vise til. Alle desse gav elevane meirsmak på å satse hardt på hestefaget, og ein fekk gode råd i vidare trening både med seg sjølv og med hestane.

Fine og praktiske løysingar i stallbygg

I tillegg til spennande dagar inne i den store stemnehallen var ein ute på stallbesøk. Vi besøkte «Stall Svele», ein klassisk stall med gode tekniske løysingar, nyskapande design og hestevelferd sett i høgsetet.  Dei har utleige til privathestar med plass til ti hestar og med alle fasilitetar. Innandørs skrittemaskin og ridehall er nokre av dei løysingane som mange kunne tenkje seg, etter ein lang og trasig vinter.

Kompetanse på hest i fylket

Dei fine og faglege turane som ein er på gjer at motivasjon, læreevne og ikkje minst det faglege nivået har gått mange hakk opp. Håpet er at hestemiljøet i fylket skal få seg eit fagleg oppsving i løpet av dei kommande åra, og at ein skal få mange fleire til å bli i fylket og jobbe med hesterelaterte jobbar her i framtida. Allereie no har vi rundt 25 personar som jobbar på heiltid med hest i fylket, og ein ser at det er trong for fleire rideskular og arbeidskraft som er kompetent på hest. Elevane ved Mo og Jølster vgs har fått ein glimrande basis for vidare fagleg utdanning og vi ynskjer å sjå dei alle igjen innanfor hestemiljøet i fylket.

Tekst: Kjellfrid Støylen for Dressursåklart.no

På fjorårets KOHS var også elevene fra Mo og Jølster på plass for å jobbe. Trykk på linken under for å lese artikkelen.

Les tidligere sak om elevene fra Mo og Jølster her: Med Oslo Horse Show på timeplanen